fredag 16. januar 2009

Motsetnader

Eg er glad i utfordringar - eg er redd for å ikkje meistra nye situasjonar
Eg er glad i jentene mine - ingen (nesten) kan gjera meg så sint som jentene mine
Eg er glad i å reisa til nye stader - eg elskar å vera heime
Eg likar å nyta "einsemda" om kvelden etter at alle andre har lagt seg - eg er selskapssjuk
Eg tykkjer jobben min er interessant (for det meste..) - helga kan ikkje koma fort nok
Eg er nøgd med livet mitt (stort sett) - det er så mykje eg kunne tenkt meg, og lista er ikkje uttømmande....
Oppsummert; livet består av motsetnader, noko kan forklarast med humør, dagsform, situasjon, m.m. medan andre ting ikkje kan, og kanskje ikkje bør, forståast. Slik er det berre! Som oftast veit ein kvar og korleis ein vil ha det, medan vegen dit ikkje alltid er like klår....

2 kommentarer:

  1. Heisann, der fant eg deg! Leita etter mannemi då eg kom att frå Sogn, men utan hell. Skal følge med vidare : )

    SvarSlett