lørdag 10. januar 2009

Muleum av Erlend Loe

Er godt i gang med "Muleum", så vidt eg veit siste boka til Erlend Loe (for vaksne). Det er tunge tankar hjå ei ung jente som misser sine næraste i ei flyulukke, som pregar boka (så langt). Må strikka litt på ullpleddet mitt innimellom for å få opp att humöret.. For det er tragisk. Eg har imidlertid kikka litt på siste side (noko eg vil understreka eg ikkje har for vane å gjera, unntatt i naudshöve- berre litt, men nok til å skjöna att det ikkje endar så verst likavel!). Har lese Doppler om den "moderne" mannen òg, og dette var ei heilt anna bok i ein ganske anna sjanger. Nokre tankar eg gjorde meg etter den boka var: "Stakkar dama til mr. Doppler!", "for ein egoist!", og "Det der kunne nesten eg, til tider - iallefall i ei "noko mindre drastisk form" ha tenkt meg!!" Det var det der med kva som vert forventa av ein, samvitet, det ein eigentleg önskjer ut av livet, o.s.b.......

1 kommentar:

  1. Må koma i gang med å lesa litt "ordentleg" eg òg no, så eg ikkje dett heilt ut. Fakta er at den einaste tida på døgnet eg les er når eg skal sova for natta, og det gjer eg fort!!! Då blir lesinga ganske oppstykka, forstår du, for det blir berre eit avsnitt om kvelden - og neste kveld må eg lesa det oppatt for å hugsa kva eg las..... slik går no dagane... Ullpledd, forresten. Kva slags prosjekt er det??

    SvarSlett