mandag 26. januar 2009

Desse mørke vintermånadane....

Januar og februar er eigentleg ikkje blant favorittmånadane mine. Mørke og kalde. Jula med alle dei sprakande lysa er pakka vekk, og det er ...mørkt. Men, det gjeld å halda motet, tolmodet og sinnet oppe. Det fins då stearinlys, og ved til å stappa i Jøtulen! Og det er lys i enden av den mørke tunellen - sola skin litt lenger for kvar dag, og det merkar ein allereie ved at det framleis er snev av lys når ein kjem at frå arbeid ein måndags ettermiddag. Jau då, me skal nok greia oss over kneika i år og!

2 kommentarer:

  1. Er ikkje så flink å legge att spor etter meg eg heller, men er innom rett som det er eg og : ) Deileg å sjå at det går mot lysare tider, ja - og mot permisjon : )

    SvarSlett
  2. Sola skein i Kroken og , eit kvarter dagen vi drog.På Madeira er her delvis overskya 15/16 grader.Men her er grønt og full blomstring (slik vi ser det). Her skal vi bli i ein månad saman med andre pensjonistar og nokre familiar med førskuleborn.
    Mvh.: Reidar og Grete

    SvarSlett