fredag 18. september 2009

Motivasjon.....

Kvar finn ein motivasjon? Når det trengs ein ekstra puff for å koma vidare. Kvar fin ein "puffen"? Dette er viktige saker, men i skrivande stund er det høgst usikkert om det vil koma nokon konklusjon ut at dette innlegget. Då får de berre ta det for det det er: eit innlegg utan nokon klår konklusjon! Eg er klar over at dette kan omfatta mange ting: å føla seg verdsett og elska, å kjempa for grunnleggjande ting, som helse, born sin tryggleik, vår eigen tryggleik, å oppretthalda livet og aktiviteten på staden der ein bur, utdanning for å få ein jobb, og så vidare og så vidare.. Viktige ting som held likesæla vekke. Av og til kjem den snikande, likesæla (trur det er likegyldigheit på nynorsk?...). Og det er ei ekkel kjensle. Ting skjer rundt deg, du er med, men det engasjerer ikkje. Det er det punktet då du lurer på om det er verdt det? Har det noko for seg at du står på, oppnår ein noko, gir det noko tilbake? Dersom konklusjonen er nei, har ein problem med å halda motivasjonen oppe, og i det heile: EIT STORT PROBLEM!. Eg må innrømma at eg er der av og til, og det er ei ekkel og ubehageleg kjensle. Skulle ønskja at det var ei krukke med motivasjon der ute, som ein kunne fylla på med når ein trong ein ekstra puff for å stå på. Men, den dukkar nok opp att, motivasjonen altså! Om det er i kjærleiken til borna eller andre, gleda over å vera den ein er, og ha det ein har, å kunna det ein kan, å oppnå framgang i det ein held på med, å ELSKA, eller andre ting som kan trykkja på motivasjonsknappen!

3 kommentarer:

  1. Ingen er toppmotivert heile tida, ikkje ein gong du kan vera det! Men du gjer den beste jobben nokon kan gjera her på sida vår - og elles!
    Kanskje ei kjærestehelg kan gjera susen, om ikkje telttur så i alle fall bort og gjera noko anna ei helg. Vi tek meir enn gjerne mot ungane!God helg!

    SvarSlett
  2. Kjære Marianne.
    Vi kan hjelpe Hilde med barneflokken. Hvorfor ikke ta en tur til ??? Oslo?
    Vi skal en tur til Bergen bare vi får tid. Alle trenger et avbrekk og litt oppmuntring av og til.

    SvarSlett
  3. Slenger meg med i gruppa av potensielle barnepassarar : ) Om nokon fortener ei frihelg, så er det du! Må passe på deg sjølv og, ikkje berre alle andre!

    SvarSlett