tirsdag 10. februar 2009

Å vera glad for det ein har..

Her om dagen kom det meg for øyra at ein ulikskap mellom Noreg og nordmenn og folkeslaget i eit anna land i Europa m.a. er at me her i Noreg ikkje er glad for det me har. Me klagar og syt og er ikkje nøgde med liva våre. Dette er nok sett på spissen og generalisert, men det utløyste tankeverksemd for min del. For, me har det generelt sett "alvorleg godt" her i landet, men me er nok ikkje flinke nok til å sjå det. Klisjear som "mykje vil ha meir" og "graset er grønare på andre sida av gjerdet" støar opp om dette. Trur ikkje graset er så mykje grønare i Kongo, eller på Gaza t.d..... Kanskje dette er noko me kan kursa oss i? Å læra oss å sjå kva me har, og setja pris på det? Det vera seg vener, familie, hus og heim, arbeid, o.s.b. Ein e-post eg fekk inneheldt noko av dette, fritt etter hugset: "Eg er glad for straumrekninga, for då veit eg at eg har varme og lys i heimen min, eg set pris på den store kleshaugen i vaskekjellaren, for då veit eg me har nok av klede å ha på oss, eg likar rot i leiker og kaniner under sofaen, for då veit eg eg er omgitt av menneske eg er glad i, eg likar telefonrekningar som syner at eg har vener og kjende eg kan ringja", o.s.b. Ei slik positiv vending av noko som i utgangspunktet vert oppfatta som negativt kan gjera noko med mentaliteten, trur eg. Vel, det var no nokre tankar eg har gjort meg i kveldinga.

3 kommentarer:

  1. Dette kan eg bli mykje betre på, ja!
    Skal skjerpa meg, takk for påminninga!

    SvarSlett
  2. Kjende meg litt truffen eg og, må eg innrømma... Treng ei påminning frå tid til annan! Håpar alt står bra til der "heime", og at eldste-jenta føler seg betre. Du må helse :)

    SvarSlett