fredag 20. februar 2009

EMPATI

Spaltist Andrine i Fylkesmagasinet hadde eit "alvorleg" godt innlegg her om dagen (kjenner eg må forklara "alvorleg"-omgrepet, som eg nyttar litt i hytt og pine: var på eit seminar for ei tid tilbake, og då var det ei trønderinne (ho-trønder..), som brukte dette ordet framføre det ho ville understreka ekstra, og det funka på meg. Så, då kopierer eg det ei stund, og ser om det har same verknaden for ei sognejinta sine yttringar). I alle fall: EMPATI, dette vetle ordet med så utruleg stor tyding for samhandling og samver mellom menneske, var tema i Andrine sine refleksjonar denne gongen. Dersom innhaldet i dette ordet var noko ein kunne tileigna seg på linje med matematikk og norsk, t.d., burde det snarast råd føretakast ei ny "reform" i skuleverket, der faget empati fekk topp prioritet.

Empati er evna til å setja seg inn i andre menneske sine tankar og kjensler. Å sjå saka frå deira perspektiv, og dermed forstå kvifor dei handlar som dei gjer. Å kjenna på kroppen korleis det må kjennast for dei. Mangel på empati er grunnlag for mykje ilt. Andrine gjev oss fleire døme på dette. Mange krigar botnar i mangel på denne grunnleggande eigenskapen; å sjå saka i eit anna perspektiv enn sitt eige! Kulturforskjelar er eit godt utgangspunkt for å trena opp empati-evna vår. Nye landsmenn som kjem til Noreg med sin bakgrunn og si forståing av verkelegheita. Ein høyrer ofte om konfliktar som botnar i "kulturforskjelar", og her er empati ein nøkkel til konfliktløysing. Ein anna situasjon med grunnlag i mangel på empati er mobbing. Hadde "mobbaren" hatt evna til å setja seg inn i mobbeofferet sin situasjon, hadde det nok vore mindre mobbing. Og for å snu på det: kanskje mobbaren, som framstår som tøff og uredd der og då, eigentleg er usikker på seg sjølv, redd for å missa vener, ha dårlege familieforhold, etc. Dette kan, om ikkje rettferdiggjera - i det heile tatt!, så iallefall forklara kvifor vedkomande oppfører seg som ei klyse! Lat oss slå eit slag for EMPATIEN, den kan vera nøkkelen til eit betre samfunn!

1 kommentar:

  1. Er (alvorleg) med på den : ) Så kjekt at de ha planar om Bergenstur! De må de gjere alvor av (den siste var heilt utilsikta..).

    SvarSlett