søndag 12. april 2009

Påska

Påskeferien i år har omfatta mykje og mangt, og samstundes vore avslappande nok, og det er der kunsten ligg! Me har halde oss i heimen i påska. Å reisa på ferie var ikkje så aktuelt i alle høve, for alle kjem jo på ferie hit! Familie og vener flokkar seg og då er det jo like godt å halda stand der me er. Veret har ikkje vore av det beste denne påska, kan me vel hevda, men ein tur i slalombakken har det no vorte, og grilling i stranda! For meg er det nesten like mykje påske å trekkja mot fjorden som mot fjellet, nesten.. Barndomspåska var einstydande med fjellet, og Turtagrø. Trur nesten det er første påska eg ikkje har vore der på så lenge eg kan hugsa...Men, kjekt har me no hatt det. Begge tanteungane har vore på besøk i området, og tante "heilt-borte" presterte å ta med den eine (som har pollenallergi) i høyet, og den andre (med nøtteallergi) fekk to store skiver med nugatti her ein morgon. Det gjekk godt med dei begge, det skal seiast, men eg bør kanskje prøva å skjerpa meg litt der.. Siste dagen i påska har alle påskeferierande reist til seg og sitt, bygda er igjen roleg - for roleg - men snart er sommaren her! Då strøymer nok folket på igjen til hus og hytter i grenda og livar opp! Me bur jo på ein så strålande fin stad...berre synd dei ikkje vil bli her og nyta dette landlivet på heilårsbasis! Men, me arbeider litt i skjul, og påverkar der me kan. "By-borna" tek me med rundt om i fjøs og hus, og lærer dei å setja pris på tilveret her! Med mange nok, og gode nok minne, så kanskje dei kjem att til oss! Det hadde vore fint det.....

1 kommentar:

  1. Me veit nok å setje pris på landlivet - er allerede i gang med brevskriving eg : ) Takk for sist forresten!

    SvarSlett