mandag 23. mars 2009

Å gi litt meir fae..

Ikkje noko fin overskrift, men den uttrykkjer no eingong det eg vil få fram i kveld: me må (generelt sett) læra oss å gi litt meir..... ja, eg veit ikkje kva anna ord eg skal setja inn her istadenfor: faen. Slutta å vera så opptekne av kva folk tykkjer og meiner om oss om me gjer slik eller slik. Det er no vel revnande det same, så lenge me har det godt med oss sjølve og dei me er glad i, og det ikkje er noko som går ut over andre på negativt vis? Me må tora å sleppa oss litt laus, ha det moro, kosa oss, gjera noko med draumane våre, tora å sleppa fram ukjente og uvandte idear og tankar, som kan føra til utvikling og glede, eller nederlag og flauser - men, då har me i allefall prøvd, og bør respekterast for det! Er det så farleg, spør eg meg sjølv. Er det så farleg om naboen snakkar om meg og påfunna mine som noko som "ikkje er vanleg å gjera her", eller som noko som "er galskap, og ikkje kjem til å gå bra..". Drit og, betre det enn at eg ikkje gjer det, av frykt for kva naboen vil seia/meina, og går og lurer på om det kanskje hadde gått bra, ja kanskje til og med rett bra - lell....... Me må læra oss, på ein positiv måte, å GI LITT MEIR FAE.... (fær meg ikkje til å skriva siste bokstaven her, av frykt for kva naboen vil seia....)

2 kommentarer:

  1. Så sant, så sant- får sette det på to-do-lista... Eg prøver helst å gi f**n i naboen i det heile tatt : )
    Me gler oss forresten til påske og fri, satsar på strålande påskever!

    SvarSlett
  2. Dette var "Sørside-tankar" der nokon kvar kjenner seg att. Heilt enig i det du skriv, - og har vel langt på veg levd etter denne læra dei siste 50 åra. Det er ikkje noko mål at alle skal vere A4, og hoggande like. Og det er og slik at når ein har praktisert å vere seg sjølv og omgivnadene vert vande med det, så vert og terskelen høgare for kva som vert akseptert av vedkomande sin veremåte.

    Før var det slik at dei som til dei grader var seg sjølve vart omtala som originalar.Dei er vel så omtrent ein utdøydd rase, - og dei som er att burde hatt vernestatus.
    Men det må finnast ein plass mellom superoriginal og A4/sauaflokk.

    Eg prøver etter beste evne å halde meg der:)

    SvarSlett