fredag 13. mars 2009

BOLYST og BULØST vs. BUPLIKT

Plikt vs. løst. Det er utan tvil noko meir tiltalane med ordet løst, eller lyst. Odelslova og konsesjonslova fokuserer på plikt, ein har plikt til å BU og DRIVA ein landbrukseigedom over ein viss storleik, dersom ein vil overta den. Slik er det. Lysta er nok likevel den viktigaste og mest avgjerande faktoren å stimulera, dersom ein skal oppnå målet. Kva er det som skapar lyst til å busetja seg ein stad? Ein del grunnleggjande ting ligg i botn: mulegheita til å busetja seg ein stad der ein ønskjer å bu, d.v.s eit tilgjengeleg hus, vidare må ein ha eit arbeid å gå til, ev. skule og barnehage, tilfredsstillande kommunikasjon (vegar, ferje, bil, buss..). Og det er kanskje fleire av dei grunnleggjande "tinga". Men, så er det dei "andre tilhøva" som påverkar lysta vår til å slå seg ned på ein stad. Naboforhold, det sosiale, "det som skapar dei gode kjenslene" for staden. Dette er vanskelegare å setja fingeren på, og kanskje tilretteleggja for, for det kan vera ganske individuelt. Det kan vera ro, fin natur, tilgang til fjell, fjord og natur. Kva er suksessfaktorane i dei bygdene der dei opplever tilflytting? Desse "nøklane" er hadde det vore fint å få. For, eg trur ikkje det er nok å setja seg ned å venta på ev. tilflytingsstraumar ut frå byane, p.g.a. finanskriser og klimakriser, som forhåpentleg kan medføra at folk trekk ut i periferien, der det er rimelegare hus og reinare luft. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, det kan jo skje med tid og stunder... Kanskje me sogar kan "stela" litt av kva som legg grunnlag for "bolysten" i byane? Litt meir toleranse, avstand når ein ønskjer det, variasjon, og respekt for variasjon og ulikskapar. Desse "nøklane" skulle me altså hatt tak i her på bygda, så me fekk litt fart på sakene. Me er etterkvart mange om beinet, d.v.s. mange fråflytningstrua utkantar som strebar etter å nå dei sjelene som kankje kan tenkja seg eit liv på landet. Då er det ikkje nok å selja fin natur, høge fjell og fred og ro. Bortsett frå kysten (som ikkje har dei høge fjella..) kan vel dei fleste skilta med desse "lokkemidla". Kanskje me må by meir på oss sjølve? Og då snakkar eg om den "menneskelege faktoren". Kanskje annonsa, i tillegg til flotte bilete av naturen, syner menneska som bur på staden? Tja ikkje veit eg, men suksessnøkkelen skal me no få tak i, og reservenøkkelen med!

1 kommentar:

  1. Her var mykje tankar som eg fekk lyst å kommentere.
    Buplikta: Som det ligg i begrepet, - det er ei plikt,- ei tidsbegrensa plikt. Dei kan bu der i fem år utan å vera så mykje "åndeleg" tilstades og så reiser dei til byn att. Det var det.

    Skal me få til meir varig tilflytting så må me på dei
    Grunnleggande vilkåra. Alt det som du nemner med hus, arbeid,+ dei tilbod med skule, barnehage, butikk og fritidstilbod som dei som har vore borte er vande med å ha rundt seg.

    Men så har me dette så ikkje er så handgripeleg men som kanskje er like viktig: Bulysta. Har ikkje folk lyst å bu her så hjelper det lite kor mykje gode tilbod me kan stable på beina. For alle dei gode tilboda kan dei og finne andre plassar.
    Du er inne på mykje som dreg på +sida for bulysta,som naboforhold, fjell og natur osv.

    Men no er det og slik at for nokon kan desse tinga og vere negative. Dei kan ha opplevd dårlege naboforhold. Dei kan ha fått nok av snøskred og elvaflaumar, og du har bygdedyr og Jantelov som heller ikkje er utrydda. Kanskje dei heller ikkje er på Raudelista !!!

    Av dei begrepa du er inne på så er kanskje Bulysta den viktigaste. For du veit at:"Har du klave så får du deg alltid Kyr"
    Dersom nokon verkeleg har lyst å flytta til oss finn dei alltid ei råd eller mulegheit.

    Så litt om nøkkelen. (Martin Kolberg kalla det "koden")
    Eg ringde til ein verkstad i dag og skulle få ny nøkkel til bilen. Det å få ny nøkkel var enkelt, men det var ei kule å få bilen til å skjøne at dette var hans nøkkel. Han måtte programmerast slik at han forstod at dette var noko han kunne gjere seg nytte av.

    Dette var no då eit slags bildespråk.
    Men det vert noko det same med den nøkkelen du er inne på. Me må få laga eit program der me får lagt desse nøkkelegenskapane inn i dei kandidatane me har gåande på gras og som me kanskje kan lokka til oss.
    Ellers så eg det enklare med kyr likevel, - då kan du berre ta med deg mjølbøtta og så kjem dei på rad og rekke -:)

    SvarSlett