fredag 13. november 2009
Eit slag for "bygdetullingane"
Merkjeleg overskrift, som ikkje må feiltolkast, og då er det vel på sin plass med ei oppklaring! Alle bygder har vel ein "bygdetulling" i nabolaget, ein person litt utanom normalen - ein som med eller utan ei medisinsk diagnose oppfører seg litt snålt. Dette innlegget er ein hyllest til dei av oss som berikar livet til dei rundt oss ved å vera sitt særeigne sjølv. Som syner oss at det går an å leva utanom dei råmene som er laga til kring oss av konge og regjering, normer for oppførsel, skule (ups!), foreldre, tradisjonar, m.m. Tenk berre kor kjedeleg bygdesamfunnet (som eg kjenner best) ville vore utan bygdesnålingane, dei gode historiane om "forfedre-bygdesnålingane", som truleg (eller forhåpentleg!) vil leva til evig tid! Eg tykkjer det er prisverdig om me greier å ta vare på bygdetullingane våre, og ikkje pressa dei inn i dei oppleste og vedtekne normer og reglar, for då misser me noko viktig i samfunnet vårt: mulegheita og respekten for det utanom-det-vanlege! Så: LENGE LEVE BYGDETULLINGEN!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg høyrer rykter om kven som skal komme til Munthehuset til våren - verkeleg flott! Det byrjar verte ei respektabel liste etterkvart. Nokre spesielle du siktar til i innlegget over eller? ;-)
SvarSlett