Andre søndag i desember er passert, og jula nærmar seg meir enn nokon gong før i vinter. No er det faktisk kvit vinter utanfor, som har fått ligga i ei lita veke - til glede for akande ungar. Men no er det kvite teppet i ferd med å renna vekk att, så det spøker kanskje litt for kvit jul.. Her i huset har me snørra ein del siste vekene, både før og etter ein Bergenstur første helga i desember. Då tok me caravellen og svippa innom IKEA likegodt ! Det var Ingvill sin tur å få shina opp rommet, som no etter denne innsatsen har blitt eit ungpikerom, og ikkje lenger er "ei lita jente" sitt rom... Leiker og klede fekk gjennomgå, dvs vart sortert i "gi bort", "kast" og "gøym". Bra innsats, og bra resultat. Litt av hensikta var og å få plassert utdragssenga til Thea Marie der, som ho etterkvart skal få flytta inn i. Ingvill har eit stooort rom, som ho nok må dela med veslesøster inntil andre lure idear dukkar opp ;-) Men, Bergensturen, ja, det gikk greit det! Me fekk stabla inn i bilen hyller, tv-benk og bord, m.m. og jentene hjelpte godt til med mini-søster og som sherpa.. Ein kar eg møtte inne mellom alle flatpakkane eg gikk og plukka lurte på utprega bergensk på om eg hadde kjøpt inn nok raudvin til å setja saman alt dette då ? :-)) Me budde hjå tante Ingunn og Co, og var ein tur til sentrum og julepynta handlegater dagen etter.
I desse tider er det litt som skjer med avslutningar og julefestar innimellom julehandel og baking og slikt..., så det er igrunn ikkje problem med å få dagen til å gå, og godt er det!
Langt frå alt på stell enda, men det som er heilt sikkert er at jula den kjem - så den saken er grei! :-)
God førejulstid der ute!
Våre tre gulljenter!