mandag 24. desember 2012

JULEKVELDEN!

No er dagen og kvelden komen, som små og store har venta på! Men, først må eg skryta litt av meg sjølv; på sjølvaste vetlejulafta kom eg nemleg på at eg skulle prøva meg på surdeigs-brød (!) att, etter "gamalt". Har fått ein liten klomp surdeig av ei kjekke jente, så eg måtte testa den ut, sjølvsagt. Og det gikk så bra! Med tida til hjelp heva dei seg flott, og i omnen esa dei opp ytterlegare - og smaka også bra! Heilt utan gjær! Er litt kry no, for dette har eg ikkje fått til skikkeleg før, nei. Så no steller  og stullar ("forar") eg den resterande surdeigsklumpen med mjøl og vatn innimellom for å halda den i live ei stund! Ja, ja, artig for "onga'n".

I dag vakna jentene til julestrømper med julegodter og løyve til å opna ei gåve før kvelden. Nissen har ein stri tørn etterkvart, med å halda seg oppe/vaken til jentene har kome seg i seng, for å kunne fylla strømper ; ) Men,det gikk fint i år og, gitt! Såg eit bra "gullkorn" i eit julebrev her om dagen, apropos:

"Snille julenisse. Eg tykkjer du kan senda meg ein alv eller to for å hjelpa meg med julevasken i år. Dette må vera det minste å be om, ettersom eg har hjelpt deg med utallige kalendarar, gåver og brev opp gjennom åra" - hilsen sliten husmor

No har jentene og mannen i huset tatt turen over fjorden for å besøka bestemor, som ikkje er i form i helga, og derfor ville halda seg i ro. Dei skal òg innom kyrkjegarden og tenna faklar.. Så ventar julemiddag og gåve sermoni nede hjå søster og familien! Ønskjer alle ei GOD AFTA!


Go'jentene mine!


2 kommentarer:

  1. God jul uti fjorden, og takk for alt som kom innpakka! :-)
    Brøda såg smellgode ut, kanskje eg får smaka ein dag.... ;-)

    SvarSlett
  2. No var dei absolutt best nysteikte, dei brøda ...., men smaka kan du!Sjølv takk for gåver, forresten! Artig med sjokolade-settet, kan bli mykje godt utav det ; )

    SvarSlett