onsdag 1. januar 2014

Adventstid, julefeiring og NYTT ÅR!

No skriv me 2014, og om eg gjer eit lite "tilbaketankeblikk" reknar eg grovsleg at det er sånn ca. faktisk utrulege 22 år (!!) sidan eg var raudruss og gikk ut frå Sogndal gymnas, og enda verre: 25 år sidan eg GIKK UT frå ungdomsskulen...., vidare er det 14 år sidan eldstemor kom til verda, men heldigvis berre SNART eitt år sidan minstemor såg dagens lys :-) Heldigvis er det no berre borna som veks og vert eldre, eller iallefall er det slik det kjenst inni. Trur eg stoppa opp ein gong på slutten av 90-talet, med eldinga innvortes meinar eg ;-) Ja, ja - slik er stoda: Me har feira julehøgtid og nyttår, og skriv altså i dag 1. januar 2014!
Me var på juletrefest på oppvekstsenteret, der det var flinke ungar som opptrådde for oss!

Ei blid jenta på juletrefest

Opptil fleire nissar (str. small ;-) kom på besøk

Fadder Marta har strikka nydeleg dress i Fana-mønster til vesle-mor

Eg var på triveleg landbruks-julemiddag på Eide Gard, fredag før jul

Me var samla både tidlegare og noverande landbrukstilsette i Luster kommune. Veldig triveleg kveld, med god mat og god prat. Trur alle var einige om at dette må gjerast til tradisjon. Noko av målet med kvelden var og å heidra dei som har gått av, og dei som no går av, med presang og velleta!

Vetlejulafta har me tradisjon her i huset på å laga oss ein sein betre middag. Før var det eg og gemalen, men no når ungane har blitt større (og ikkje legg seg kl 20 om kvelden lenger...) er dei og med på dette festmåltidet ;-) Og, i år vart det innteke i NYE GAMLESPISESTOVA VÅR! Far og døtre hadde verkeleg gjort seg flid før eg fekk servert min tallerk!

Heile gjengen samla rundt spisebordet

Julafta i år var me på Sørheim. Tradisjonen tru er me annakvart år på Sørheim og på Ornes, men pga uforutsette tilhøve (m.a. ras..) har me vore på Ornes tre år på rad før i år.

Bestemor fekk samsung galaxy, og medfølgjande opplæring frå barnebarna i den

To nissar og ein troll-unge :-)

Godt å ha ein krok å trekkja seg attende i når pakkane og oppakkinga tok av!


Spennande kveld

Ei julepynta nyrestaurert spisestove

Og, me var heldige å ha mange på besøk i jula, så me fekk skikkeleg "prøvd ut" den :-)

Kjekt med besök!

Sukkerspinn-maskin var ein "høydare", så det har gått på sukkeret i jula ;-)

Tradisjonell juletrefest i bedehuset på Ornes. Her står søstrene i kø for godterifisking

Denne bilde-collagen var så koseleg at eg måtte ta den med (takk, Hilde, du får læra meg dette ein gong!)

Trygt og godt på et bæssfar fang

Nyttårsafta var familien splitta...: to på Hovden (støl over Sørheim) og tre på feiring hjå søster Randi og Co

Desse to heldt seg i låglandet med mor



....og far og mellomstedotter på veg til Hovden og feiring der saman med tante Bente og onkel Dag

No er det blitt januar og nytt år, og i dag hadde me gjester til Bacalao (som eg laga for første gong..). Kan ikkje sei at eg vart "frelst" på første forsøk, men heilt greit måltid. Det såg ut til at gjestane tykte det var greit og, for det minka no ein del i panna ;-) Desserten var det søster Randi som stod for: creme brulet.
Då står det att å ønskja alle eit heilt strålande nyttår! Måtte oppturane bli i fleirtal og opplevingane gode!  Håpar eg får sjå og treffa vener og kjente mykje i det nye året! Eg har ikkje noko nyttårsforsett (tykkjer i grunn det er greiare å byrja med forbetringar av ymse slag på måndagar - for då treng eg ikkje venta så lenge før eg ev. byrjar på nytt når/hvis det skjer seg!), men om det skulle vera noko så er det å gjera kjekke ting saman med familie, vener og kjente. T.d. å ta ein kopp kaffi og diskutera verdensproblem eller andre ting. Velkommen innom! Kaffi skal de få og problem er det nok av ;-)

1 kommentar: