tirsdag 7. juli 2015

Sommaren er her... er her ikkje.. jau, no var han her igjen ;-)

Det har vore ein lang og kald vår og tidleg sommar. Var lenge lite fart i det som spirar og gror ute, sett vekk frå graset på plenen då, det veks ALLTID. Men, frå kring midten/slutten av juni, ser det ut til at sommaren har tenkt å koma med varmare vèr og sol. Litt tilbakefall innimellom, med kalde kveldar og netter (og litt fyring i omnen..), men, dog ser det ut som det skjer noko no! Yippi!

Livet som kafe og selskaps- ansvarleg på garden går bra så langt. Marta, og frå 4.juli: Martina og Marta, styrer i kafeen i det daglege. Eg held sånn nokonlunde grei styr med papira og vareinnkjøp - så so far so good :-)

For nokre veker sidan var eg forresten på treff med gjengen frå landskapsforvaltning- og planlegging i Sogndal. Etter nokre rundar med kalkulatoren syner det seg at det er heile 20 år (!!) sidan me gikk ut frå Høgskulen i Sogndal (eg var såå sikker på at det var 15..). Etter å ha kome over dette faktum vart vart kvelden ganske så "trevlig", med middag på Kafè krydder som avslutning. Kjekt å sjå at dei fleste var akkurat like unge og lik seg som dei var for 20 år sidan :-)

For eit par helgar sidan var det Lerum cup, og sidan mellomste håpefulle starta på fotball her i vår, betyr det dugnad ! Dovask og bosrydding ein ettermiddag, og servering i grillkiosken dagen etter. Hektisk, men moro. Ei veke att til ferie frå landbruksjobben min no, og ei av vekene vert det ein etterlengta ferietur for familien. Det gledar me oss til alle mann. Men, først får ein gi ein ekstra innsats her og der, og så må de kosa dykk godt i det som no ser ut som sommaren alle saman!



Thea Marie og hjortekalven BAMBI, som
er veeldig kosete




Minni i ein av favorittpositurane i sofaen (!)

Elias på besøk på Høyheimsvik



 

17-mai 2015
 


Bursdags-/dugnadshelg i Bergen

Landskapstreff i Sogndal
Framsyning "Den levande skogen" av Solvorn oppvekstsenter (og Thea Marie opna med solo!!)


Avslutningsfest for 10 klasse på Hafslo!


Jonsokfeiring i Kroken
LERUM CUP!!!


Rabarbra-pai og paiskal til kafeen! mmm..


 


Bading høyrer til, for tobeinte og firbeinte


Og jorbær, sjølvsagt. Det kan me igrunn eta uavgrensa av.. ;-)

 
 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar