fredag 12. mars 2010

"brest" i logikken

Det er mange ting ein kan undra seg over, under og på her i verda. Ein finn ei meining i eit eller anna; ei sak - som miljøvern, "klima-redding", økologisk mat, religion og så vidare. Men, så bestemmer ein seg for å følgja denne overtydinga, og t.d. handla Norsk, og gjerne økologisk, for å bidra litt til å gjera verda til ein litt betre plass for ei litt lenger tid..... og så vert altså den norske torsken sendt til Kina, der den vert pakka, og transportert attende til oss for sal???! Det er vel fly tur/retur skulle ein tru!? Der er "bresten". Og dei økologiske epla, gjerne pakka i papp og plast på butikken - og stempla med debio. Fire eple i plast og papp!! Brest igjen. Og så desse klima-kvotane som kan kjøpast og seljast som det måtte høva seg. Money rules! Dessverre er det slik at mannon avgjer kor langt ein strekkjer seg for å oppnå målet. Fisken vert pakka av rimlegare arbeidskraft i Kina, til tross for transportkostnader og ...miljøomsyn. Dei rikaste kan forureina meir enn dei fattigare, og kjøpa seg fri for skuldkjensle. Og kvifor i alle dagar må dei økologiske epla pakkast så godt inn? For å unngå forureining frå nærliggjande sprøytehandsama grønsaker og frukt? Så har du dette med miljøvennleg energi, ein vitskap det er såvidt eg torer å seia noko særleg om, då eg innser at kunnskapen min skulle og burde vore betre. Men, eg prøver meg likavel, så får de arrestera meg, heller. For biobrensel: for meg er biobrensel å nytta skog (som veks overalt etterkvart som husdyra vore forsvinn) til miljøvennleg produksjon av brensel til miljøvennlege omnar. Men, så kjem det inn ein del faktorar som kompliserer reknestykkjet: transport av skogen/krattet (transport =ureining), vidareforedling av skogen/krattet så det kan nyttast i dei miljøvennlege omnane (krev maskineri, som krev drivstoff..). Så: kor mykje meir miljøvennleg vert dette enn alternativa summa summarum? Det er sanneleg ikkje heilt enkelt å få grep om dette så me kan gjera dei rette vala mot målet, kva det enn måtte vera! Og så syner det seg altså at overgreps-skandalane rykkjer stadig nærare paven. Nei, logikken brest fleire stadar på vegen mot måla våre, og det er ei utfordring å halda fokus på målet, og korleis ein oppnår det på best muleg vis. Me får gjera vår beste, og håpa at vår tid ikkje endar i historiebøkene som "the age of stupid", noko eg høyrde "rykter" kunne skje om me ikkje skjerpa oss....

mandag 1. februar 2010

Ein uheldig praksis....

I forvaltningsstyret i Sogndal kommune hadde dei i møte den 28.01 oppe ein søknad om konsesjon på ein landbrukseigedom i kommunen. I vuderinga som låg til grunn for vedtaket, står det å lesa:


"Vurdering:
Når definisjonen ovanfor vert lagt til grunn er det fulldyka og overflatedyrka arealet meir enn 25 da og eigedommen er såleis bu-pliktig.
Sogndal kommune har hatt ein restriktiv praksis i handsaming av søknader om varig fritak for buplikt. Det er i hovudsak eigedommar med svært vanskeleg kommunikasjonstilhøve som har fått slikt fritak for buplikt.
Det er her snakk om ein relativt liten eigedom, øvst i dalen med brukbare kommunikasjonar, men med svært avgrensa ressursgrunnlag. I dette høve vil konsekvensen av ikkje å gje konsesjon vera at søkjar får valget
mellom å flytte til eigedommen eller å selgje den til nokon som vil busetje seg på eigedommen. I begge høve må det byggjast eit nytt bustadhus. Ein problemstilling vil vera om det er forsvarleg med to bustadhus på ein
eigedom av denne storleik og ressursgrunnlag. Spørsmålet er då om buplikta i einskilde høve kan sjåast på som oppfylt når andre enn søkjar bur på eigedommen, eller bør søkjar få mellombels fritak så lengje andre
bur i huset på eigedommen. Då foreldra til søkjar har burett vil eigedommen halda fram med å vera busett. Samstundes styrkjer ein eit anna bruk i området ved at det vert inngått ein langsiktig leigeavtale på dyrka jorda. Avstanden mellom leigetakar sin eigedom og dette bruket er om lag 1 km, og vert vurdert til å vera ei driftsmessig god løysing. Vidare vert omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet
ivareteke. Rådmannen meiner at busetnad på bruket er hovudmålet, i dette høvet kan vilkåret oppfyllast av ander enn søkjar. Det tyder at søkjar bør få konsesjon på overtaking av eigedommen. Eit vilkår for konsesjon er då at eigedommen er busett dei neste 5 åra. Dersom dette vilkåret ikkje vert oppfylt kan konsesjon trekkast tilbake, jf. § 16 i Konsesjonslova."



Og eg som hadde forhåpningar til at ein med det nye regelverket som trådte i kraft frå juli i fjor hadde eit betre verkty i høve å sikra busetjing og sleppa til bulyst på landbrukseigedomar!(http://www.regjeringen.no/upload/LMD/Vedlegg/Regelverk/Rundskriv_M_2_2009_Konsesjon_boplikt.pdf - sjå under pkt. 8.2.4.)


Det er framleis mange vurderingar det er opp til den einskilde kommune å gjera i høve busetjingsomsynet. Eg veit berre det at eg seinast sist veke hadde tlf. frå eit ungt par som ønskte å busetja seg i området, og lurte på mulegheitene for å kjøpa/leiga seg eit småbruk. Dessverre, er ikkje det (men, me treng desperat folk, og har eit to-sifra ant. småbruk som står tomme her......). Kan koma på eit par saker der den ovanfornemnde praksisen kan slå uheldig ut. Det gjeld då berre å overdra eigedomen i god tid før dei som sel av naturlege, eller andre årsakar ikkje bur der lenger (5 år før..). Då sørgjer dei for oppretthalding av busetjingsomsynet, og ny eigar står fritt til å nytta eigedomen til fast bustad eller fritidseigedom.


Her må kommunane vakna! Om ein meiner noko med å få folk hit, så må noko gjerast med reglar og praksis på dette området. Eg veit det kan verka sytete, men det er ikkje berre meint som syt. Vona er at dette vert tatt på alvor, og kan skapa litt debatt i politiske kretsar!

fredag 8. januar 2010

GODT NYTTÅR!! (og her kjem mitt nyttårsforsett...)

Nyttårsforsett er eigentleg noko drit. Dersom ein skulle vera så uheldig å bryta eit nyttårsforsett er det forbaska lenge til neste nytt år, og dermed mulegheita til å starta på ny frisk! Mykje betre då med eit "måndagsforsett", som ein ev. kan starta på ny frisk med neste veke! Men, no gjer eg likevel eit forsøk. Hermed er det erklært: Eg skal freista klaga mindre og dela meir! Me har det eigentleg utruleg godt! Og, så er det slik at det er mange som har det utruleg dårleg. Ja, det er nesten slik at ein kan vera ganske sikker på at det er mange, mange der ute som har det verre enn ein sjølv - i dei aller fleste høve. SÅ var det dette med å setja pris på det ein har, og gleda seg over det - og ikkje ønskja seg (eller higa etter - som det vel står i ei heilag bok...) naboen sine ting og tang. Å vera raus og dela med andre av det ein har til overs er tingen. Og "til overs" har eg litt av - når eg tenker meg om, både av det eine og av det andre. Ja, no er det ute i det opne! Nyttårsforsettet mitt! (håpar berre ikkje sambuaren les dette, for nokon må ein jo kunne klaga litt til.........)

søndag 6. desember 2009

Julemiddag, barneprogram, nisse, juletregang, dans og fest

Ja, alt dette kunne ein få med seg på Sørheim hin kvelden. Og, når eg tenkjer på det, må dette vera ganske spesielt å få med seg på ein plass og på ein kveld! Folk i alle aldrar, frå 3 til 90 deltok på festen, og her var som nemnt noko for ein kvar. At generasjonar er i lag på dette viset er unikt, trur eg. At denne salige blandinga av mat, program, nissar og fest for ALLE vert tilskipa. Hurra for det! Vanleg hadde vel vore å skilja dei ulike "postane" i ein kveld for dei yngste, ein for dei eldre og ein for dei festglade. Men, dette må vera ei oppskrift for etterfølgjing, meinar eg, og det meinte musikantane som stod for musikk til maten, til juletregongen og til dansen utpå kvelden òg. Ein kjekk kveld, sjølv om underskrivne tok heimover med born og mann før festen tok skikkeleg laus, denne gongen!

fredag 13. november 2009

Eit slag for "bygdetullingane"

Merkjeleg overskrift, som ikkje må feiltolkast, og då er det vel på sin plass med ei oppklaring! Alle bygder har vel ein "bygdetulling" i nabolaget, ein person litt utanom normalen - ein som med eller utan ei medisinsk diagnose oppfører seg litt snålt. Dette innlegget er ein hyllest til dei av oss som berikar livet til dei rundt oss ved å vera sitt særeigne sjølv. Som syner oss at det går an å leva utanom dei råmene som er laga til kring oss av konge og regjering, normer for oppførsel, skule (ups!), foreldre, tradisjonar, m.m. Tenk berre kor kjedeleg bygdesamfunnet (som eg kjenner best) ville vore utan bygdesnålingane, dei gode historiane om "forfedre-bygdesnålingane", som truleg (eller forhåpentleg!) vil leva til evig tid! Eg tykkjer det er prisverdig om me greier å ta vare på bygdetullingane våre, og ikkje pressa dei inn i dei oppleste og vedtekne normer og reglar, for då misser me noko viktig i samfunnet vårt: mulegheita og respekten for det utanom-det-vanlege! Så: LENGE LEVE BYGDETULLINGEN!

fredag 23. oktober 2009

Dyr me slaktar og dyr me kosar med, og ein lett blanding av dette..

Som periodevis ansvarleg for koppalam frå hist og her, hønsehaldar (stolt eigar av 7 høner og ein hane!), kanin- og marsvinpassar, og involvert i ein hjortefarm må eg koma med nokre tankar kring dette med husdyrhald, kjøtproduksjon og kos. I år heitte koppalamma våre Emma Thallula og Karl Joakim, og det er ein ganske fjern tanke å ha Emma Thallula som søndagsmiddag i kålen - må berre seiast. Oppvaksen på gard som eg er veit eg godt at fårekjøtet ikkje er "født" i frysedisken på Meny, men at det kjem frå sauen som beitar - beita på bøen.. Men, og det er eit men for meg her, som kanskje tyder på at eg har fjerna meg litt frå bondestanden? Når desse smakfulle dyra får namn, og vert flaska opp i bakgården - ja då freistar dei ikkje meg som middag. Hjorten er det anleis med, av ein eller anna grunn. Det er fleire av dei, og dei fleste er "namnlause" - bortsett frå grombukkane Nils og Hercules, då, som nok hadde vore meir "tungtfordøyelege". Dei har eg på sett og vis vorte ganske godt kjent med.. Ja, ja det er mykje løge ein skal fundera på, men Emma Thallula hamnar iallefall ikkje på min tallerk (så vidt eg veit), og dei fjærlause hønene mine skal og få ein verdig død under torva (sjølv om dei er uappetittelege av heilt andre årsakar enn at me "kjenner dei"....) Vel, slik var det!

onsdag 7. oktober 2009

Refleksjonar på ein sein haustkveld..

LYKKE! Ja, ser behovet for å løfta blikket litt etter siste innlegg.... Kva er lykke? Dersom eg kjenner godt etter trur eg det i enklaste (og kanskje viktigaste?!) form er å føla seg vel i og med tilveret. Me styrer og strevar med mangt og mykje dei fleste av oss: arbeid for å tena pengar, spela roller (som eg òg har vore inne på før) for å gjera tilveret "smidigare", me handlar ting (?!) og klede for å kjenna oss vel (og ikkje frysa), me pussar opp og ned for å letta tilveret for oss sjølve og andre - og ha det triveleg rundt oss, kanskje. Me higar ofte etter noko me ikkje allereie har, men som me trur og meiner vil gjera oss lykkelegare! Men, denne lykka er merksnodig. Ho kjem når ein minst trur og forventar at ho kjem, og den uteblir når me absolutt meiner me har gjort oss fortent til ho! Kanskje me rett og slett berre må ta den lykka som kjem "rekande forbi" når ho kjem, og godta at slik er det berre?