søndag 16. februar 2014

Ein vårleg vinter

Det er absolutt ikkje mykje som minnar om at me har hatt januar og er i midten av februar denne vinteren. I romjula, då me gjekk tur rundt neset var det knoppar på bringebærbuskene og gåsungar på selja..... Får tru det går bra med det meste som skal "livna i lundar" når det vert vår på skikkeleg! Her i gården har me feira eitt åring, pussa opp gang og kosa oss utan for heftig program. Glad for det halve ekstra året eg har bevilga meg heime, før det brakar laus att med den verkelege kvardagen ;-) Svein har hatt sine permisjonsveker og er delvis klar for den "gamle" arbeidssjefen att, trur eg. Ikkje sikker på kven av formennene som er strengast, den heime eller den på jobben. Me har no fått ruska litt opp i heimen og samstundes vore saman med veslemor, så det har vore godt det! No får me greia oss aleine att om dagane eg og Thea Marie.
Prinsesse Thea Marie 1 år!!

Dette vart feira i to omgangar, ein før og ein etter at omgangssjuka meldte sin ankomst....


Kjekt med søskenbarn som er med å feirar stor dag.

Og storesøster som hadde venninnebesøk :-)

Eg og Thea dokumenterer av og til spaserturane våre. Her på veg rundt Ornes, Solvorn i bakgrunnen.

Stor, lita fin og blid jente! Ikkje heilt stø på to enda, men desto kjappare på alle fire! 

Ei helg var me to dagar på rad i trekket. Veldig behageleg å vera pakka inn i skinn og bli dradd rundt på Heggmyrane - sov godt begge dagane i akebrettet

Medan storesøster susa nedover med venninner!

Ein dag var og søskenbarna i trekket. Piknik er halve moroa ;-)

Posten les me ute i sola, når det er muleg !

I tunet dukkar det somme stunder opp både aper og tigrar :-O

Her ser ein litt av mangfaldet av fargar som var i gangen vår før me måla: rosa, to grønfargar og raud. På biletet er fyllingsdørane måla i fargen dei no skal ha : ein slags beige, med blå-grøne råmer.



Eta vil eg helst gjera sjølv no, ja! Stooorjenta!



Rundtom kyrkja har det vore og er hektisk graveaktivitet i vinter. Det er sprinkelanlegg som skal på plass, og nye røyrsystem, og eg veit ikkje kva.

Me har fått ein ny verdsborgar på Ornes, som me var og besøkte hin dagen. Veldig kjekt med vesle Johanna, som berre er eitt år yngre enn Thea Marie. 

Fargeangfald i gongen igjen....

Ha ein fortsatt fin vinter (vår?!)!

onsdag 1. januar 2014

Adventstid, julefeiring og NYTT ÅR!

No skriv me 2014, og om eg gjer eit lite "tilbaketankeblikk" reknar eg grovsleg at det er sånn ca. faktisk utrulege 22 år (!!) sidan eg var raudruss og gikk ut frå Sogndal gymnas, og enda verre: 25 år sidan eg GIKK UT frå ungdomsskulen...., vidare er det 14 år sidan eldstemor kom til verda, men heldigvis berre SNART eitt år sidan minstemor såg dagens lys :-) Heldigvis er det no berre borna som veks og vert eldre, eller iallefall er det slik det kjenst inni. Trur eg stoppa opp ein gong på slutten av 90-talet, med eldinga innvortes meinar eg ;-) Ja, ja - slik er stoda: Me har feira julehøgtid og nyttår, og skriv altså i dag 1. januar 2014!
Me var på juletrefest på oppvekstsenteret, der det var flinke ungar som opptrådde for oss!

Ei blid jenta på juletrefest

Opptil fleire nissar (str. small ;-) kom på besøk

Fadder Marta har strikka nydeleg dress i Fana-mønster til vesle-mor

Eg var på triveleg landbruks-julemiddag på Eide Gard, fredag før jul

Me var samla både tidlegare og noverande landbrukstilsette i Luster kommune. Veldig triveleg kveld, med god mat og god prat. Trur alle var einige om at dette må gjerast til tradisjon. Noko av målet med kvelden var og å heidra dei som har gått av, og dei som no går av, med presang og velleta!

Vetlejulafta har me tradisjon her i huset på å laga oss ein sein betre middag. Før var det eg og gemalen, men no når ungane har blitt større (og ikkje legg seg kl 20 om kvelden lenger...) er dei og med på dette festmåltidet ;-) Og, i år vart det innteke i NYE GAMLESPISESTOVA VÅR! Far og døtre hadde verkeleg gjort seg flid før eg fekk servert min tallerk!

Heile gjengen samla rundt spisebordet

Julafta i år var me på Sørheim. Tradisjonen tru er me annakvart år på Sørheim og på Ornes, men pga uforutsette tilhøve (m.a. ras..) har me vore på Ornes tre år på rad før i år.

Bestemor fekk samsung galaxy, og medfølgjande opplæring frå barnebarna i den

To nissar og ein troll-unge :-)

Godt å ha ein krok å trekkja seg attende i når pakkane og oppakkinga tok av!


Spennande kveld

Ei julepynta nyrestaurert spisestove

Og, me var heldige å ha mange på besøk i jula, så me fekk skikkeleg "prøvd ut" den :-)

Kjekt med besök!

Sukkerspinn-maskin var ein "høydare", så det har gått på sukkeret i jula ;-)

Tradisjonell juletrefest i bedehuset på Ornes. Her står søstrene i kø for godterifisking

Denne bilde-collagen var så koseleg at eg måtte ta den med (takk, Hilde, du får læra meg dette ein gong!)

Trygt og godt på et bæssfar fang

Nyttårsafta var familien splitta...: to på Hovden (støl over Sørheim) og tre på feiring hjå søster Randi og Co

Desse to heldt seg i låglandet med mor



....og far og mellomstedotter på veg til Hovden og feiring der saman med tante Bente og onkel Dag

No er det blitt januar og nytt år, og i dag hadde me gjester til Bacalao (som eg laga for første gong..). Kan ikkje sei at eg vart "frelst" på første forsøk, men heilt greit måltid. Det såg ut til at gjestane tykte det var greit og, for det minka no ein del i panna ;-) Desserten var det søster Randi som stod for: creme brulet.
Då står det att å ønskja alle eit heilt strålande nyttår! Måtte oppturane bli i fleirtal og opplevingane gode!  Håpar eg får sjå og treffa vener og kjente mykje i det nye året! Eg har ikkje noko nyttårsforsett (tykkjer i grunn det er greiare å byrja med forbetringar av ymse slag på måndagar - for då treng eg ikkje venta så lenge før eg ev. byrjar på nytt når/hvis det skjer seg!), men om det skulle vera noko så er det å gjera kjekke ting saman med familie, vener og kjente. T.d. å ta ein kopp kaffi og diskutera verdensproblem eller andre ting. Velkommen innom! Kaffi skal de få og problem er det nok av ;-)

fredag 13. desember 2013

Snart midt i julemånaden!

Andre søndag i desember er passert, og jula nærmar seg meir enn nokon gong før i vinter. No er det faktisk kvit vinter utanfor, som har fått ligga i ei lita veke - til glede for akande ungar. Men no er det kvite teppet i ferd med å renna vekk att, så det spøker kanskje litt for kvit jul.. Her i huset har me snørra ein del siste vekene, både før og etter ein Bergenstur første helga i desember. Då tok me caravellen og svippa innom IKEA likegodt ! Det var Ingvill sin tur å få shina opp rommet, som no etter denne innsatsen har blitt eit ungpikerom, og ikkje lenger er  "ei lita jente" sitt rom... Leiker og klede fekk gjennomgå, dvs vart sortert i "gi bort", "kast" og "gøym". Bra innsats, og bra resultat. Litt av hensikta var og å få plassert utdragssenga til Thea Marie der, som ho etterkvart skal få flytta inn i. Ingvill har eit stooort rom, som ho nok må dela med veslesøster inntil andre lure idear dukkar opp ;-) Men, Bergensturen, ja, det gikk greit det! Me fekk stabla inn i bilen hyller, tv-benk og bord, m.m. og jentene hjelpte godt til med mini-søster og som sherpa.. Ein kar eg møtte inne mellom alle flatpakkane eg gikk og plukka lurte på utprega bergensk på om eg hadde kjøpt inn nok raudvin til å setja saman alt dette då ? :-)) Me budde hjå tante Ingunn og Co, og var ein tur til sentrum og julepynta handlegater dagen etter.
I desse tider er det litt som skjer med avslutningar og julefestar innimellom julehandel og baking og slikt..., så det er igrunn ikkje problem med å få dagen til å gå, og godt er det!
Langt frå alt på stell enda, men det som er heilt sikkert er at jula den kjem - så den saken er grei! :-)

God førejulstid der ute!
Våre tre gulljenter! 

søndag 17. november 2013

Tida går, og Thea Marie står!

Rima og det gitt ;-) Rett nok med støtte, ho reiser seg opp etter alt muleg og umuleg, og har oppdaga eit heilt nytt "univers" tilgjengeleg for seg... No er borda avduka og det me er mest redd for flytta oppover i høgda :-) Elles krabbar ho rundt overalt, dørstokkar inga hindring lenger. Mamma og minsta held seg stort sett i og kring heimen om dagen, om me ikkje fartar på handel eller på besøk rundt om. Har det ganske greit med det tilveret no :-). Me testar av og til ut nye kokeoppskrifter (som vaniljepudding - som eg aldri før har prøvd meg på, men som vart god og såg bra ut på andre forsøk! - Første drukna i vannbadet...ikkje spør!) Carlos og kompisen sine julekuler er i produksjon her om kveldane, og me førebur så smått 14-års feiring og jul (!). Ja, det må vera lov å gleda seg litt no, ikkje så lenge att før adventstida. I dag er dei to største jentene og venninner med far sin på danseforestilling i Sogndal, så eldste og yngste jente er heime og fyrer i omnen og lagar julegåvelister og kva-skal-me-baka-til-jul-ønskeliste, og oppdaterer blogg. Elles sysslar me litt på si med eit Lustramat prosjekt, og litt bygdeutvikling.... Litt må me finna på utanom bleieskift og "husmorting". Eg har forresten nett sett på kallendaren og funne ut at eg er ferdig med den løna permisjonen min (er no inne i ferievekene), og frå midten av des. er far i huset heime i sin del av permisjonen, medan eg vert i området med permisjon utan løn... Då blir det sikkert knekkebrød og vatn, gitt ;-) Nei, trur det skal gå fint. Har ikkje lyst at Thea Marie skal inn i barnehagen før ho er eitt år (og kanskje ikkje kan gå..), så det vert til hausten att, er planen. No har den blå-grå regjeringa foreslått å auka kontantstøtta med 1000,- i mnd. og! Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko seier no eg. Kom brått på at me visstnok har konfirmant til våren og! Om ca. 1/2 år! Hu-hei kor det går, men det går nok fint. Ordnar seg alltid for kjekke jenter, seiest det ;-) Ha ei fin-fin veke der ute!
Vesle solstrålen vår!

God "Ryddehjelp" på kjøkkenet, i kildesorteringsavd.

Me var på bokbåtkafe på Fjordatunet, etter at Bokbåten hadde besøkt Kroken

På shopping i Sogndal fann TM seg eit godt utsiktspunkt frå ein kafe me var på

Søskenbarn Torje feira 3 årsdag med pølser, pizzasnurrar kakeselskap!

Besten fekk låna kruna til Torje, og ein ballong

onsdag 23. oktober 2013

Og me veks og utviklar oss!

Medan nokon mest veks...., er det like mykje utvikling å sjå hjå andre i familien. Og då siktar eg først og fremst til minstejenta, som stadig syner nye ting ho kan og forstår. No klappar ho i hendene, vinkar, ristar på hovudet, krabbar, reiser seg delvis opp etter små krakkar og stolar og ho har i høgste grad personlegheit! Ho vert fornerma når livet går ho imot, og ho syner stor glede ved gjensyn av søstre etter ein skuledag og ho er litt lur innimellom ;-) Ikkje lange sovetidene på dagen lenger (av og til berre ein 20-30 min.!) Søskenbarna sine små kattungar er veldig spennande, så dei krabbar ho etter i ein viss fart og prøver å få fatt i. Storesøstrene har div. prosjekt om dagane, og sist natt etter turn i Sogndal overnatta Ingvill og papsen i båten i Gaupne. Største søster har starta konfirmasjonsførebuingar, og skal på ulike samlingar og møte framover. Og, som eg las på facebook her om dagen: det er berre 8,5 veker til jul (!). Lov å begynna å gleda seg litt då! I går var snøen kome godt nedover fjellsida bak oss - heilt ned til Salen visst. Ja, ja, det vil sei at det nærmar seg vår og det :-)


Trygt og godt på eit bestemorsfang

Sjarmtrollet

I haustsola storesøster og lillesøster