fredag 8. januar 2010

GODT NYTTÅR!! (og her kjem mitt nyttårsforsett...)

Nyttårsforsett er eigentleg noko drit. Dersom ein skulle vera så uheldig å bryta eit nyttårsforsett er det forbaska lenge til neste nytt år, og dermed mulegheita til å starta på ny frisk! Mykje betre då med eit "måndagsforsett", som ein ev. kan starta på ny frisk med neste veke! Men, no gjer eg likevel eit forsøk. Hermed er det erklært: Eg skal freista klaga mindre og dela meir! Me har det eigentleg utruleg godt! Og, så er det slik at det er mange som har det utruleg dårleg. Ja, det er nesten slik at ein kan vera ganske sikker på at det er mange, mange der ute som har det verre enn ein sjølv - i dei aller fleste høve. SÅ var det dette med å setja pris på det ein har, og gleda seg over det - og ikkje ønskja seg (eller higa etter - som det vel står i ei heilag bok...) naboen sine ting og tang. Å vera raus og dela med andre av det ein har til overs er tingen. Og "til overs" har eg litt av - når eg tenker meg om, både av det eine og av det andre. Ja, no er det ute i det opne! Nyttårsforsettet mitt! (håpar berre ikkje sambuaren les dette, for nokon må ein jo kunne klaga litt til.........)

søndag 6. desember 2009

Julemiddag, barneprogram, nisse, juletregang, dans og fest

Ja, alt dette kunne ein få med seg på Sørheim hin kvelden. Og, når eg tenkjer på det, må dette vera ganske spesielt å få med seg på ein plass og på ein kveld! Folk i alle aldrar, frå 3 til 90 deltok på festen, og her var som nemnt noko for ein kvar. At generasjonar er i lag på dette viset er unikt, trur eg. At denne salige blandinga av mat, program, nissar og fest for ALLE vert tilskipa. Hurra for det! Vanleg hadde vel vore å skilja dei ulike "postane" i ein kveld for dei yngste, ein for dei eldre og ein for dei festglade. Men, dette må vera ei oppskrift for etterfølgjing, meinar eg, og det meinte musikantane som stod for musikk til maten, til juletregongen og til dansen utpå kvelden òg. Ein kjekk kveld, sjølv om underskrivne tok heimover med born og mann før festen tok skikkeleg laus, denne gongen!

fredag 13. november 2009

Eit slag for "bygdetullingane"

Merkjeleg overskrift, som ikkje må feiltolkast, og då er det vel på sin plass med ei oppklaring! Alle bygder har vel ein "bygdetulling" i nabolaget, ein person litt utanom normalen - ein som med eller utan ei medisinsk diagnose oppfører seg litt snålt. Dette innlegget er ein hyllest til dei av oss som berikar livet til dei rundt oss ved å vera sitt særeigne sjølv. Som syner oss at det går an å leva utanom dei råmene som er laga til kring oss av konge og regjering, normer for oppførsel, skule (ups!), foreldre, tradisjonar, m.m. Tenk berre kor kjedeleg bygdesamfunnet (som eg kjenner best) ville vore utan bygdesnålingane, dei gode historiane om "forfedre-bygdesnålingane", som truleg (eller forhåpentleg!) vil leva til evig tid! Eg tykkjer det er prisverdig om me greier å ta vare på bygdetullingane våre, og ikkje pressa dei inn i dei oppleste og vedtekne normer og reglar, for då misser me noko viktig i samfunnet vårt: mulegheita og respekten for det utanom-det-vanlege! Så: LENGE LEVE BYGDETULLINGEN!

fredag 23. oktober 2009

Dyr me slaktar og dyr me kosar med, og ein lett blanding av dette..

Som periodevis ansvarleg for koppalam frå hist og her, hønsehaldar (stolt eigar av 7 høner og ein hane!), kanin- og marsvinpassar, og involvert i ein hjortefarm må eg koma med nokre tankar kring dette med husdyrhald, kjøtproduksjon og kos. I år heitte koppalamma våre Emma Thallula og Karl Joakim, og det er ein ganske fjern tanke å ha Emma Thallula som søndagsmiddag i kålen - må berre seiast. Oppvaksen på gard som eg er veit eg godt at fårekjøtet ikkje er "født" i frysedisken på Meny, men at det kjem frå sauen som beitar - beita på bøen.. Men, og det er eit men for meg her, som kanskje tyder på at eg har fjerna meg litt frå bondestanden? Når desse smakfulle dyra får namn, og vert flaska opp i bakgården - ja då freistar dei ikkje meg som middag. Hjorten er det anleis med, av ein eller anna grunn. Det er fleire av dei, og dei fleste er "namnlause" - bortsett frå grombukkane Nils og Hercules, då, som nok hadde vore meir "tungtfordøyelege". Dei har eg på sett og vis vorte ganske godt kjent med.. Ja, ja det er mykje løge ein skal fundera på, men Emma Thallula hamnar iallefall ikkje på min tallerk (så vidt eg veit), og dei fjærlause hønene mine skal og få ein verdig død under torva (sjølv om dei er uappetittelege av heilt andre årsakar enn at me "kjenner dei"....) Vel, slik var det!

onsdag 7. oktober 2009

Refleksjonar på ein sein haustkveld..

LYKKE! Ja, ser behovet for å løfta blikket litt etter siste innlegg.... Kva er lykke? Dersom eg kjenner godt etter trur eg det i enklaste (og kanskje viktigaste?!) form er å føla seg vel i og med tilveret. Me styrer og strevar med mangt og mykje dei fleste av oss: arbeid for å tena pengar, spela roller (som eg òg har vore inne på før) for å gjera tilveret "smidigare", me handlar ting (?!) og klede for å kjenna oss vel (og ikkje frysa), me pussar opp og ned for å letta tilveret for oss sjølve og andre - og ha det triveleg rundt oss, kanskje. Me higar ofte etter noko me ikkje allereie har, men som me trur og meiner vil gjera oss lykkelegare! Men, denne lykka er merksnodig. Ho kjem når ein minst trur og forventar at ho kjem, og den uteblir når me absolutt meiner me har gjort oss fortent til ho! Kanskje me rett og slett berre må ta den lykka som kjem "rekande forbi" når ho kjem, og godta at slik er det berre?

fredag 18. september 2009

Motivasjon.....

Kvar finn ein motivasjon? Når det trengs ein ekstra puff for å koma vidare. Kvar fin ein "puffen"? Dette er viktige saker, men i skrivande stund er det høgst usikkert om det vil koma nokon konklusjon ut at dette innlegget. Då får de berre ta det for det det er: eit innlegg utan nokon klår konklusjon! Eg er klar over at dette kan omfatta mange ting: å føla seg verdsett og elska, å kjempa for grunnleggjande ting, som helse, born sin tryggleik, vår eigen tryggleik, å oppretthalda livet og aktiviteten på staden der ein bur, utdanning for å få ein jobb, og så vidare og så vidare.. Viktige ting som held likesæla vekke. Av og til kjem den snikande, likesæla (trur det er likegyldigheit på nynorsk?...). Og det er ei ekkel kjensle. Ting skjer rundt deg, du er med, men det engasjerer ikkje. Det er det punktet då du lurer på om det er verdt det? Har det noko for seg at du står på, oppnår ein noko, gir det noko tilbake? Dersom konklusjonen er nei, har ein problem med å halda motivasjonen oppe, og i det heile: EIT STORT PROBLEM!. Eg må innrømma at eg er der av og til, og det er ei ekkel og ubehageleg kjensle. Skulle ønskja at det var ei krukke med motivasjon der ute, som ein kunne fylla på med når ein trong ein ekstra puff for å stå på. Men, den dukkar nok opp att, motivasjonen altså! Om det er i kjærleiken til borna eller andre, gleda over å vera den ein er, og ha det ein har, å kunna det ein kan, å oppnå framgang i det ein held på med, å ELSKA, eller andre ting som kan trykkja på motivasjonsknappen!

mandag 7. september 2009

Badeland vs ferjesamband! No er det alvor!

I tilrådinga frå rådmannen til badelandsaka (Luster bad) - som han jamvel er positiv til, badeland altså - foreslår rådmannen ein del innsparingspostar for å hanka inn att dei 5 mill. som er pårekna å koma i tillegg pr. år dei næraste åra. Dette er godt "valgflesk", må seiast - kjem jo i ei strålande tid i høve valget! Men, til saka: mellom innsparingspostane les eg då at ferjesambandet Ornes-Solvorn er ein aktuell innsparingspost!!! Om eg har vore skeptisk til det økonomiske biletet kring badelandet før, så er det ikkje lenger nokon tvil. For no er eg, som innbyggjar på Ornes - og avhengig av nemnde ferjesamband til skule og jobb, faen meg så drit lei av å måtta kjempa for den ferja kvar gong det er val, budsjettdiskusjonar, innsparingar, m.m.m. Heilt sia eg var lita jente har eg høyrt om denne kampen, som med jamne mellomrom har kome fram, og til no, kvar gong vorte kjempa gjennom i meir eller mindre favør oss som er avhengig av ferja. Men, eg er så lei! Så mykje frustrasjonar, energi, spenningar. Det burde vera unødvendig! Eit badeland til knappe 100 mill. mot eit heilt bygdesamfunn som prøver å mobilisera til ei framtid her. For det er realiteten. Utan ferja reiser eg - og, for dei av dykk som ikkje ser det som noko "trussel" vil eg påstå at bygdeutviklingsarbeidet og tilflyttinga ikkje vil verka positivt på så mange andre som kan tenkja seg hit heller, utan denne viktige samferdsla over fjorden. Innsparing på kanskje 2 mill., er det verdt det - greier politikarane å sjå samanhengane her?? Det håpar eg verkeleg! For no er eg LEI!