fredag 5. juli 2013

Sommar rapport!

 
Juli er her, og det er livleg å bu på Ornes. Mange turistar besøkjer stavkyrkja i sommarmånadane, og juli er den "travlaste" - frå ein "turist-vert-ståstad". Har ikkje heilt feelingen av å ha barselpermisjon om dagen..., men om det er hektisk til tider, går det no greit òg! Thea Marie ligg/sit i vogna, heng i bæresele på på magen eller rullar rundt på golv. Ho deltek i mange av turistvert oppgåvene saman med mamma :-): Vaskar golv, steiker vaflar, helsar på gjester (og sjarmerer dei i senk..!). Søstrene har fått vore med tante G,Torje og mormor til Åle-byen, på besøk til oldemor, på akvarium og på shopping. Heidi og ei venninne var på tur til Bergen aleine nokre dagar (overnatta hjå tante I), og Ingvill har vore på fjelltur med besteforeldre ein gong og pappa og onkel Dag og tante Bente ein gong. Så litt ferie vert det på dei -heldigvis! Elles er det overnattingsbesøk her eller der for jentene i eitt sett! Kjekt no når ferja går så mange turar om dagen, kvardag som helg! Etterkvart vert det ein tur på familien til Ålesund!(nr. 2 for jentene)  Det gledar me oss til! Thea Marie syner oss meir og meir personlegheit! Ho er stadig meir vaken, og likar liv og røre rundt seg (les: helst yngre garde: søsken og søskenbarn). No rullar ho rundt omkring på magen og ryggen.   
 
Fyllingsdørane er måla, golvet er ferdig lagt. No ventar foringar og lister til glas og golv.
Ei kvilestund i graset!

Gensaren min er ferdig! Og vart ganske bra (om eg no skal seia det sjølv..) Så bra at eg no har byrja på ein til i "plomme-raud" :-))

Mini-pavlova - somskal fyllast med vaniljekrem og friske bær SOMMAR!
 
Thea Marie har vore med på si aller første jonsokfeiring

"Måtte lukka gro som agurken i drivhuset!"

Ingvill og Thea Marie slappar av med Dvd i "byssa"på fiskebåten til pappa og onkel Dag, medan mamma og pappa dreg krepseteiner

Per kom med høner til oss, standsmessig frakta i taxi frå Vikersund...!

Ho mor har endeleg fått på plass utemøblane på verandaen. Velkommen på kaffi!

Godt med graut :-))

mandag 10. juni 2013

JUNI, og NO er det sommar!

Junikveld
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster..

Å, flytt deg nærmere inntil meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.

[Hans Børli]

Enda nokre veker har gått, og dei har vore fyllt med litt av kvart - ikkje minst dåpen til Thea Marie forrige laurdag. Det vart ein fin dag, og jenta vart feira heile dagen til endes! Dåpen var i Urnes stavkyrkje, med prest Vegard Bondevik Lie. Vesle Johannes (som me er på barselgruppetreff med) vart og døypt her samme dag. Thea Marie var fin i dåpskjolen som mormor har laga (til Heidi i si tid) og som no er brukt av alle barnebarna deira. Mamma (mormor..) hadde og vunne å brodera på namna på alle "brukarane" (sydde visst både natt og dag på slutten...). Etter kyrkja var det heimelaga koldtbord og kaker på låven. Det var han far i huset som bestemde menyen, for det skulle vera likt med menyen i dåpane til dei andre jentene våre! Vesle hovudpersonen sov gjennom store delar av feiringa, men ikyrkja var ho vaken, og lurte i grunn på kva det var presten dreiv med (veiva med hender og søla med vatn ;-) Ein fin sermoni var det iallefall, og foreldri godt nøgde med dagen!

Kafeen har opna for sesongen, og eg og syster Randi deler på å vera kafevertar desse første vekene i juni, før Kristin byrjar fast frå ca. 20.juni. Thea Marie er kafeassistent, og sjarmerar kundar... I drivhuset veks det godt, og eg har fått hjelp av min kjære til å ordna mini-grønsakshagen min utanfor!! Yippi! No er den "bygd opp" i kassar (mindre ugras!) og det er lagt duk under og bark oppå rundt kassane -vart så bra atte. Thea Marie har rulla frå rygg til mage, og vart grualeg stolt over det :-) - og litt forundra  på kva det var som eigentleg skjedde.. Ho har såvidt fått smaka litt på mors heimelaga havregraut med aprikos og banan, og det smaka bra såg det ut til :-)

Elles lakkarog lir det mot sommarferie for skulejentene òg. I kveld er det danseavslutning og -framsyning på Hafslo (har funne fram mini-høyrselsvern til Thea M! I morgon sommaravslutning  på skulen i Solvorn.Utruleg kor fort eit skuleår går.. Og neste år har eg 5-klassing, 9 klassing og 1-ein åring... Ja, ja slik er det! Ha ein retteleg fin dag, og nyt sommaren!

Familie og faddrar

Fammilien Bugge/Wergeland og Vegard Lie ved nordportalen på kyrkja

Nam...

Hedersjenta sov seg gjennom det meste av koldtbordet

Ingvill og Marta sang Idas sommarvisa, og mamma "tuta" -sjølvsagt.. Vakkert!

Heidi og Thea Marie

Ingvill og veslesyster
og Thea Mariemed besteforeldra

Sommerfugl-bordkorta som me var så nøgde med! Og: Martas hjartebrownies

Mormor hadde laga dåpskaka
 
"Her er Thea Marie"

Grønnsaks- og urtehagen vår (ikkje så veldig grønt her enda, men ...kjem seg vel :-)

Strikkeprosjektet mitt no: genser til meg sjølv (etter oppskrift oversett frå engelsk av Amalie)
 
 
 
 

mandag 20. mai 2013

Mai, og endeleg kom våren, eller sommaren?!

Vips så var det nesten gått ein månad igjen. Det har no skjedd litt sidan sist, så me får prøva med ei oppsummering :-). Andre helga i mai var me i konfirmasjon på Nesodden, til Amanda, som er mitt søskenbarn - og den siste konfirmanten i den generasjonen på morssida. Det var ein kjekk tur, og vesle Thea Marie var snill og grei heile turen - og returen med! Fint å møta slekta att, ein del av dei er det sjeldan me ser. Stort sett samlast me ved slike festlege høve, så då vert det oftast ei stund imellom... Det var iallefall ei veldig fin helg og feiring! På oppatt vegen søndag var me innom Veikåker gård, og høyrde om dei hadde nokre høner til sals (!!), men til tross for at dei hadde 728 høner..., solgte dei ikkje det - berre egg. Men, no har me fått namn og nummer på ein høneleverandør, så då vert det nok høns på garden att snart får me tru ;-)

Elles har me feira 17-mai, Thea Marie sin første!! Feiringa foregikk i Solvorn, med tog, kyrkje, gryterett, is, pølser og leikar der (i for det meste sol og varmt vêr!). Etterpå bar det på teater med far og dei eldste jentene til Sørheim, medan mor og minsta vart heime.. Me var i grunn godt nøgde med feiringa då me kom att frå Solvorn :-)

Sesongen har såvidt byrja på Urnes Gard, og eg og syster Randi (og Thea Marie) har rigga kafe og låve ++ til gjestar. Me hadde pangopning i helga med middags- og overnattingsgjester laurdag, og frukost- og lunsjgjester søndag, samt open kafe begge dagar. Det var varmt og godt ver (over 20 grader) og masse folk! No vert det ope neste helg og, før me opnar "på orntli' 1.juni (som òg er dåpsdagen til Thea Marie. Og det er visst berre 14 dagar til !!! knapt.. ) Ja, ja, me har heldigvis gode hjelparar rundt omkring, og handlelista er så godt som klar. No skal me berre prata litt med presten og få resten på stell så blir det bra. Satsar på det blir ein flott dag!

I dag har me vore ein tur på Sørheim og feira onkel Kjell Ove som har bursdag, før me returnerte til bursdagsselskap til Ylva på låven! Heidi for avgarde i bursdag på Hafslo. Det var den pinsehelga :-)) God kveld i stuggu.

Ja, og gammelstova tek form! Puslespelet til Svein er på plass, muren ferdig pussa, og veggane frie for tapet og pussa (med pussemaskin)

Dorthe gensaren til Ingvill vart omsider ferdig..

Jenter på tur (i ein bilgarasje på Hønefoss)

Gjengen "henger ved frukt og godteri (!) sjappa"

Eg og tante Unni

Jentene mine og konfirmanten

Artige skilt på gardsutsalet på Veikåker gård

Ut på trilletur, aldri (nesten) sur :-)

Søskenbarntreff på kaia før avreise til Solvorn
 
Vesle-jenta i finstasen
 

Hipp hipp hurra for 17-mai!

 
Fine 17-mai jenter

Thea Marie hjelper til med klargjering av kafeen! Ein liten gledesspredar på disken!

Familien på benken
   

onsdag 24. april 2013

Bepanthen, byggje, dåp og syden!

Jepp, det var kort oppsummert ingrediensane i dette innlegget. For å byrja med det første først: eg er blitt ein vaskeekte Buzzador, og det må takast på alvor ;-). Det går kort og greit ut på å marknadsføra og testa ut ulike produkt ein kan få tilsendt. Eg har motteke mi første kampanje, som er kremen Bepanthen; ein salve som førebygger og pleier røde stumpar, då den er spesielt laga med tanke på spedbarnspleie, men kan og brukast på sprukne/tørre lepper og hender, ved solbrenning m.m. Den kan kjøpast på apoteket. Eg hadde fått ei lita testtube i ein baby-pakke frå apoteket tidlegare, så eg visste at denne er god! Det var kampanjeinfoen.

 
Byggje, ja... Eg og Thea Marie driv og "putlar" litt med å fjerna tapet av byggjeveggane på "gammel-stova" innimellom. Det er greit putl det desse regnvêrsdagane me har hatt siste veka! Det er innomdørs og under tak. Og, det vert såå fint, om eg skal seia det sjølv - og det gjer eg jo ;-) Damp-maskina" frå Biltema fungerer ganske greit, men tid tek det - forståss.


 

Gamle forsegla brev er brukt som tetting i sprekkene mellom tømmerstokkane

Fyllingsdørene skal og få seg eit strøk maling etterkvart.

Så var det dåp, ja. Kom plutseleg brått på at det må me jo ha! Så ordna det seg heilt fortreffeleg, med at ei av dei andre mødrene på barselgruppa kunne fortelja at dei hadde tinga dåp i Urnes stavkyrkje 1.juni! Bingo, det passa bra, så då fekk me henga oss på den. Så no må me snu oss litt rundt med invitasjonar, matplanlegging og slikt som høyrer dåpen til. Det vert bra, og me er heldige som har låven til disposisjon til selskapelegheiter!

Og sist, men ikkje minst: me skal på ferietur til hausten, til syden! Dette gledar jentene seg noko voldsomt til. Dei har hatt lyst til syden lenge, og no slo me til. Passar og fint, sidan vesle Thea Marie då (forhåpentleg ;-) ikkje har byrja å gå enda, og at eg har permisjon! Alt klaffa, og me gledar oss til sol, varme og ferie - og har starta nedteljinga (allereie...greit med noko å gleda seg til).
Til slutt ein link til ein fin sang: http://youtu.be/4Bkahcz3E1g

That's all for now folks, thank you and good bye :-))

onsdag 17. april 2013

Barselgruppe treff!

I forgårs var eg og minste-mor på første barselgruppemøte på helsestasjonen. Me var fem mødre med babyar fødd i januar, to gutar og tre jenter. Det var kjekt å møta fleire "i same situasjon" og høyra på deira erfaringar og kvardag med junior! Første vaksine var og denne dagen, ikkje kjekt, men heldigvis fort over.

Ettersom det nærmar seg sommar og turistsesong hareg og søster Randi hatt vår andre store "eplekake-bake-dag" i Fjordatunet i dag. Det er greit å få unna mange på ein gong når me først set i gong, og der inne er tilhøva gode for akkurat det. Thea Marie var med, sjølvsagt (må følgja meieriet ho ;-), og sov stort sett under heile seansen - som sist!

Søndag var det regnver, ogdet var nesten litt merkeleg... Lenge sidan det regna sist, men no gjer det nok godt på dei turre markene. I "gammel-stova" går det framleis framover - heldigvis: no er taket måla, og pipa er pussa!
Ingvill og Thea Marie

Stadig utprøving av nye oppskrifter...Desse vart ganske bra, om eg skal seia det sjølv!

Liten trille-medhjelpar

Nymåla tak!

Pussa mur!

Dei to eldste gullungane, i ei litt yngre utgåve : )

mandag 8. april 2013

40 og fortsatt feiande flott..!

Jepp, det stod det på eit kort eg fekk i høve den store dagen min, 3.april! For første gong på nokre år feira me ganske skikkeleg, eg og søster Randi som òg hadde "halvrund dag" i midten av mars. Me hadde kakefest  på låven i går! Masse gode kaker, som me kosa oss med å baka og planlegga. Mamma og eit par andre kom og med kaker, så tilsaman var det 16 kakesortar på bordet. Vener frå grendene her og familie kom for å feira oss, og det var veldig koseleg : ) Mykje fine gåver fekk med òg. Jammen kjekt med bursdag! Restar var ikkje til å unngå (!) sjølv om me prakka på folk litt med heim til kveldskaffien... Så då får me heller ta nokre etterpåselskap! No veit de at det er mulegheiter for noko attåt kaffien om de tek ein tur innom ein dag! Velkommen!

Fekk forresten mykje fint på sjølve dagen min òg! Alt frå heimesydd "orden-i-strikkesakene-mappe" til flybillett til familietur til blomar, til allvërbukse til miniselje-tre (2 stk!!) til vin og krus til...ja, masse flott! Tusen takk alle saman :-)

Det strålande veret fortset, og me er takksame for det! Kunne ikkje ønskja meg eit betre permisjonsver. Førre helg var me ein tur i fjøra og grilla, og då fann Heidi ein flaskepost! Med brev inni! (Ja, no er det vel eigentleg det som er ein flaskepost...). Me (mest eg, kanskje) vart i fyr og flamme, for eg kan ikkje hugsa å ha funne det før. Flaskeposten var sendt frå Fodnes i juli i fjor, så eit lite stykkje har den no farta. Namn og adresse på avsendaren var tydeleg nok, så no vert det å senda eit godt gamaldags brev sørover! Artig!

Same søndag ettermiddag var me i Gaupne og feira bestemor som har bursdag dagen før meg. Det vanka kaker, bollar, påsmurde og marsipankake på oss der òg.
Grilling i fjøra - eit sikkert vårteikn : )

Spennande då det dukka opp ein flaskepost på stranda... 

Eit noget medfare, men dog leseleg brev i flaska

Barkebåten seglar utpå dei 7 hav...

Eitt av to søte mini-seljer eg fekk på bursdagen min!
 
Strikke-ordens-mappa slo an!
Trøystande ord...

Så sant, så sant!

Jentene laga kjempeflott kakepynt av smelta sjokolade!

Kakebord 1

Kakebord 2

Kakebord 3

Mellomste håpefulle lurte på om mamma hadde fått så mange presangar før til bursdagen ; ) Lønner seg med bursdagsselskap og kakeparty ;-))

Kreativt og flott kort, med knakande fin tekst!

Vår vesle Thea Marie

Søskenbarntreff i påska!