mandag 31. desember 2012
Late romjulsdagar
No er det allereie blitt nyttårsafta! Utruleg kor dagane spring avgarde sjølv om ein ikkje nødvendigvis gjer så mykje... Influensa vil ikkje heilt sleppa taket på oss, og både far i huset og storesøster er prega enda. Det går litt i bølgjedalar - bra ein dag, dårleg neste. Me får tru det gir slepp snart! Romjulsdagane har som sagt vore rolege, utan dei store sprella. Har ikkje den heilt store energien til selskaplegheiter ho mor i huset heller for tida - stor og tung som ho er ; ). Så dagane har gått med til å reisa litt rundt til søstre og foreldre på div. måltid, samt strikking, lesing, stulling og stelling. Me får heller satsa på meir oppdisking her i huset når junior har meldt sin ankomst, tenkjer eg. Ikkje mange dagane att til det no, satsar me på. Julesnøen kom i år, skikkeleg òg. Men, uti romjula vart det mildare vêr, og no smeltar den sakte men sikkert vekk. I kveld er det altså nyttårsafta, og den skal markerast med stjerneskot og rakettar, og godt å eta og drikka! Ønskjer alle der ute eitt godt nytt 2013!
torsdag 27. desember 2012
Stemningsrapport frå julafta
På julafta var me hjå søster Grete og familien, og der kosa me oss med god mat og pakkeopning! |
På bordet var noko for ein kvar smak: julepølser, ribbe og pinnekjøt, med godt tilbehøyr! |
Så var det klart for pakkeopning. |
Fornøgd jente, med mykje fint på gåve"bordet" |
Babydokke Gabriella fekk sognebunad (!) hjå mormor |
......og same Gabriella fekk seg visst òg ein sparegris...- noko for alle, denne kvelden altså! |
Samling under trappa! |
mandag 24. desember 2012
JULEKVELDEN!
No er dagen og kvelden komen, som små og store har venta på! Men, først må eg skryta litt av meg sjølv; på sjølvaste vetlejulafta kom eg nemleg på at eg skulle prøva meg på surdeigs-brød (!) att, etter "gamalt". Har fått ein liten klomp surdeig av ei kjekke jente, så eg måtte testa den ut, sjølvsagt. Og det gikk så bra! Med tida til hjelp heva dei seg flott, og i omnen esa dei opp ytterlegare - og smaka også bra! Heilt utan gjær! Er litt kry no, for dette har eg ikkje fått til skikkeleg før, nei. Så no steller og stullar ("forar") eg den resterande surdeigsklumpen med mjøl og vatn innimellom for å halda den i live ei stund! Ja, ja, artig for "onga'n".
I dag vakna jentene til julestrømper med julegodter og løyve til å opna ei gåve før kvelden. Nissen har ein stri tørn etterkvart, med å halda seg oppe/vaken til jentene har kome seg i seng, for å kunne fylla strømper ; ) Men,det gikk fint i år og, gitt! Såg eit bra "gullkorn" i eit julebrev her om dagen, apropos:
"Snille julenisse. Eg tykkjer du kan senda meg ein alv eller to for å hjelpa meg med julevasken i år. Dette må vera det minste å be om, ettersom eg har hjelpt deg med utallige kalendarar, gåver og brev opp gjennom åra" - hilsen sliten husmor
No har jentene og mannen i huset tatt turen over fjorden for å besøka bestemor, som ikkje er i form i helga, og derfor ville halda seg i ro. Dei skal òg innom kyrkjegarden og tenna faklar.. Så ventar julemiddag og gåve sermoni nede hjå søster og familien! Ønskjer alle ei GOD AFTA!

Go'jentene mine! |
fredag 21. desember 2012
Danseforestilling, julefest og juleferie!
No er det blitt fredagkveld og mørket senkar seg ute etter nok ei innhaldsrik veke. Det byrja med danseforestilling på Hafslo måndagskvelden. Veldig ivrige, spente dansejenter som var superflinke! All honnør til danseinstruktørane (10 klassingar!) som har trena med dei heile hausten. Fullt hus var det òg på samfunnshuset denne kvelden, med danseelevar og publikum frå heile den vide komunen vår. I går var det julefest på Solvorn skule. Flinke elevar song julesongar til oss før det var servering og gang rundt juletreet. Og, jammen kom det ein gjeng med smånissar og : ). Eigentleg stod Hakkebakkeskogen på programmet òg, men pga stort sjukdomsforfall siste vekene, måtte dei utsetja dette til ein eigen "Egner-kveld" utpå nyåret. Og, nesten det beste av alt denne kvelden: då me kom heim i 9-tida, hadde eldste jenta, som var heime p.g.a. at ho ikkje var i form, rydda, tatt fram julepynt og pynta, fått juletreet inn ogpå fot (!!!) og pynta det. Så me kom heim til nesten juleklart hus, og vart så kjempeglad! Gode, snille jenta vår!
Torsdag var òg min siste dag på arbeid. Veldig godt med juleferie no, kjenner eg, men òg litt rart at det er eitt knapt år til neste arbeidsdag på landbrukskontoret.... Vert nok nokre besøksturar innom for å sjå til at alt går bra i tida framover òg ; ). Elles er det sjukdom her i heimen òg. No er far sjølv blitt sylta forkjøla, og minstejenta var òg heime frå skulen på siste skuledagen før jul.. Får tru me er på føtene att i løpet av KORT tid (LES: til julafta). Eg har (bank i bordet) halde meg bra enn så lenge!

søndag 16. desember 2012
Juleverkstad og peparkakehus!
I dag har det vore juleførebuingar frå ende til an. Det starta med montering av peparkakehuset, som var sjølvkonstruert av husets tre damer! Delane var steikt og pynta av heile familien i går. At me ikkje kan kalla oss bygningsingeniørar vart tydeleg då mor og far skulle lima herlegheita saman... Det er ikkje noko "enkelt" hus med fire veggar og tak - må vita - neidå, her er opp til fleire (2) piper, ark og ja fire veggar og tak... Eldste jenta var litt oppgitt undervegs og uttala: "eg trur me dekkjer heile driten med bommull eg..", men med litt list og lempe og, ja bommull, vart det jammen ikkje så verst lell - om eg skal seia det sjølv!
Etter dette var jentene på juleverkstad i Kroken på Fjordatunet, medan far fekk opp fuglebandet på stabbursveggen. Det kom masse folk etterkvart, både små og store. Mykje flott julepynt og julegåver vart laga, og i bakeavdelinga vart det trilla og steikt bollar - som alle fekk smaka etterpå! Store hjelpte små, så alle fekk til det dei ville etter kvart. No er det kveld, og Farmen finale! Tre adventslys brenn på stovebordet, og i morgon startar ei ny førjulsveke, med danseavslutning, julefest og julehandel-innspurt! Siste veka mi på arbeid er det òg, før permisjonen startar. Det skal i grunn bli godt no, kjenner eg. Å ta det litt meir med ro dei siste vekene før det brakar laus ; ) God søndag!

fredag 14. desember 2012
14.desember og sola skin!
I dag er det fredag, og fridag! Heilt greit i grunn, etter ei travel førjulsveke. Tysdag var eg og yngstejenta på julehandel, og onsdag var det bakedag etter jobb, med 7 andre jenter inne på Fjordatunet. Triveleg, og effektivt: kom heim med passelege mengder av 8 sortar julekaker! Det vart både serinakaker, sandkaker, risbollar, sjokolade-cockies, krabbelure, brune pinnar, bestefars rugjulekaker og berlinerkransar! Og alle smaka godt, det måtte me sikra oss medan me var der inne, sjølvsagt...
Torsdag var det danseøving på begge jentene. På måndag er det danseforestilling, så no er det siste finpussen på "dansetrinna" dei får på plass. Og, i dag altså: FREDAG, sol ute og helg. Eg kosar meg med kaffikopp og innpakking av gåver. Utafor glaset er det massevis av småfuglar som leitar etter mat, så automatane må fyllast jamnt og trutt. God førjulshelg!

Bakstedamer i Kroken |
Det er kaldt ute for tida og ull-labbane får "køyrt seg". Då er det ingen veg utanom stoppenåla og tråden! |
søndag 9. desember 2012
Andre søndag i advent...
Ja, no skal eg sei dagane har fått føter å gå på! Vips var det andre søndag i advent, og jammen kom snøen og i natt! Eit kvitt fint teppe hadde lagt seg utpå tunet, og gjorde stemninga heilt perfekt i høve tida me er inne i no! I går kveld var det julemiddag på Sørheim. Heile fammen stasa seg opp (nokre meir enn andre, les: dei yngste meir enn dei eldste...- sjølv om eldstejenta gjorde eit iherdig forsøk på å stæsja opp mor si, med frisering og motetips ; ) Det var stapp fullt hus, og nydeleg mat! Har vore inne på det tidlegare her, men kan godt seia det igjen: det er veldig kjekt, men dessverre ikkje lenger så vanleg som tidlegare, med desse tilstellningane som femnar om alle i alle aldrar! Frå baby til oldefar! Og, som inneheld noko for ein kvar smak: julemiddag, juletregange, underhaldning, nisse og dans til levande musikk utpå kvelden. Lenge leve generasjonsjulefesten! Først på dagen i går fekk me forresten laga litt bringebærsjokolade og adventskaffibollar òg. Årets første snev av julebakst, hurra! Under eit bevis på at ting er på gang ein gang utpå nyåret! God kveld!
onsdag 5. desember 2012
Brrrrr...
Kaldt ja! 10 stive minus ute siste dagane gjer at veden har fått føter å gå på! Godt og heitt inne, med stearinlys på bordet og adventsbelysning her og der - så kan det i grunn berre vera litt kaldt der ute. Fekk triveleg kveldsbesøk her i stad, god unnskyldning til å ta fram restane etter laurdagsgodtet til kaffien ; ) Lyt lada opp til juleavslutningar og danseforestillingar og julemiddagar og juleverkstadar, og andre ting som skal skje i dagane fram mot jul! Det er kjekt alt ihop, men litt hektisk sidan alt skal skje i løpet av ei kort førjulstid. Jau, jau, det er no slik det skal vera, og nedteljinga til laaaaang "ferie" er no igang. Nærmar seg med stormskritt den òg ; )
søndag 2. desember 2012
Så tenner vi eitt lys i kveld, vi tenner det for glede....
Det står og skinner for seg selv, og oss som er til stede. Så tenner vi eitt lys i kveld, vi tenner det for glede.
Første søndag i advent vart ein nydeleg dag, med blå himmel og sol, og dermed kaldt ute! I går kveld hadde me høgtideleg tenning av eit flygande juletre uti tunet. Høgt hang det, og flott var det! Kva me gjer neste flaggdag, får me ta når den tid kjem..., men det er ein plan på det òg ; ) I går feira me pappa/best'n sin bursdag med ein god ribbemiddag, og i dag vart me invitert på middag der - heilt topp opplegg! Og det beste av alt: i dag hadde ho mor laga tilslørte bondepiker til dessert, betre blir det ikkje! Mot kveldinga i kveld vert det julegrantenning i Solvorn på nokre av oss, med nissar og diverse "tilbehør"!
I går kveld vart Dorthe gensaren ferdig òg. Storejenta var heldigvis godt nøgd med den. Under ser de to juleverkstadjenter i aksjon, og det flygande juletreet!

fredag 30. november 2012
Tunge dagar...
Det har vore nokre tunge dagar, etter meldinga om at ei ung jente i omgangskretsen til eldstejenta gikk bort brått og uventa av sjukdom forrige helg. Det vert mange spørsmål og tankar som dukkar opp, og må bearbeidast av liten og stor. Og som ei klok dame på arbeid sa: sorga er individuell, og slik er det berre. Me må alle takla den på kvar vår måte. Alle varme tankar og medfølelse til familien som har mista ei dotter og søster. Livet må gå vidare.....
Etter arbeid for eit par dagar sidan fekk eg ei koseleg overasking: ei kjekk jente på Ornes har laga gåve til snuppen/snuppa i magen! Veldig kjekt og uventa! Gåva kan de sjå under, tusen takk Amalie! Og, på overnattingsbesøk hjå bestemor i Gaupne i går var det enda fleire overaskingar! Ho har strikka eit nydeleg hentesett som de òg kan sjå under. Heldig liten bebis ditta her! No er det blitt fredag att, ei lita venninne er på overnattings besøk, og i morgon er det 1.desember! Adventsstjerna er kome opp i glaset, adventslysestaken på lilla duk på bordet og kalendarane som bestemor har sydd til jentene er kome på plass, så no er det berre å håpa på at nissen er på besøk i løpet av natta....Først må det bli stille på loftet, for han er litt folkesky denne nissen. Ein liten julehandletur til Sogndal vart det i dag og, så no er nokre fleire pakkar på plass. Julehandel med stor mage er ikkje like effektivt som med mindre mage...., men med tida til hjelp (og det er jo leenge til jul enda...) skal me koma i havn i år òg ; ) Dorthe gensaren er på siste verset! Siste arm under produksjon, så kanskje den er klar til måndag?!

lørdag 24. november 2012
Og så vart det stille....
i huset. Er verkeleg inne i ein "blogge-stim" no, så får berre køyra på så lenge det varer! Partygjengen reiste for litt sia, og med dei for mine to jenter òg -så ja, no vart det stille her. Begge mine kjem att utpå kvelden, så det livnar nok til att : ). Trur jubilanten var godt nøgd med feiringa, verka slik! Forresten fekk eg ein fin start på dagen i dag! Då eg hadde rigga meg til med kaffikoppen, kom ingen andre enn sola strenande inn glaset i stova her! Veldig velkommen, og litt for sjeldan den gjesten har synt seg her siste tida. Derfor må slike augneblink nytast, og det var nett det eg gjorde i dag tidleg, i sofaen, med kaffikoppen i handa, og sola i fjeset! Når gjengen var faren istad fekk eg så grualeg lyst på steikjelse, fleskasaus, flesk og duppe eller kva det måtte kallast rundt om. Så no er eg i gang med det, og må avslutta her så det ikkje vert fiasko på kjøkenet.. ; )
fredag 23. november 2012
Bursdagsparty med sleepover!
Dagen er her, me har offisielt ten-åring i huset! Det starta heftig, med overnattingsbesøk av to små nabo-søskenbarn, som var "forlatt" av foreldra... (neidå, dei er på velfortent helgetur). Eg vekte lillesøster, far i huset, og dei to overnattarane, og me sang bursdagssang og kom med pakkar, lys og litt knask på sengekanten til jubilanten. Så bar det på skule, barnehage og jobb med heile hurven - minus ho mor. På ettermiddagen kom ein gjeng med jenter som skal feira dagen med store-jenta vår! Jammen kjekt med stabburet og godt med overnattingsplass! Pizza, kaker og snop, og sikkert feiring til langt på natt, reknar eg med ; ) Vetle-søster får og vera med litt, og vert sminka og dolla med av dei store jentene, så ho er fornøgd òg! Bra dei kosar seg! No har eg funne "delvis-horisontalen", og tenkte å få med meg fredags-gull-rekkja. Dorthe gensaren veks (halveges på "fronten", bakstykkjet er ferdig). Og jammen veks magen og... Ting tek litt etter litt meir tid å gjennomføra, men slik skal det vel òg vera : ) God helg!
onsdag 21. november 2012
Midtveke og namnedag!
Eldstejenta var heime i dag òg. Seige greier dette her, men no ser det heldigvis deffinitivt (bank i bordet og kryss i taket) ut til å vera på retur. Og det er bra, for bursdagsfeiringa nærmar seg med stormskritt òg! I morgon vert det kommunestyret på meg. Får sleppa innom innimellom som vararepresentant ; ) Ei kort gjennomlesing av saklista syner at det ikkje er dei heilt heite sakene som skal opp i morgon (då hadde det vel kanskje ikkje vorte innkalla varamedlemmer heller, om det var "heite" saker meiner eg ; ) .....). Ei kjekk jente gjorde meg forresten merksam på at eg har namnedag i dag. Då måtte eg forska litt meir på dette, tenkte eg, og kan fortelja følgjende frå Wikipedia: Navnet Marianne er kjent i Norge fra 1500-tallet. I nyere tid har Marianne vært blant de mest populære døpenavnene på jenter i Norge i perioden ca 1955 til 1985, med en topp i 1967. Marianne er et kvinnenavn med flere opphav. Det kan være en fransk form av Maria, som kan bety «sterk, vakker», eller en variant av det latinske navnet Marina som kan bety «som hører til havet». Det kan også være en sammentrukket form av navnene Maria og Anne, hvor sistnevnte er avledet av Hannah og betyr «gunst» eller «nåde». Jau, jau, happy name-day to me! Og god kveld til alle saman!
tirsdag 20. november 2012
Lutafisk og snart julemånad!
Sidan eg vart heime med to sjuke jenter i dag hadde me tid til å laga ein litt "skikkeleg" middag. Det var lapskaus att frå gårsdagen, så kosten var sikra for dei tre andre eg bur med, men eg hadde sååå lyst på lutafisk, så då vart det det! Eg inviterte heller ned nokre naboar som eg veit er like glad i lutafisken som meg, så me fekk unna fisken òg. For lutafisk har eg lika godt sidan eg var lita jente og spurte far min om det var lutafisk eg hadde på kroken ein søndag me var på fisketur på fjorden. Elles har eg nytta dagen litt til å få stulla og stelt litt meir til bursdagsfesten til ten-åringen fredag! Det vert overnattingsfest i stabburet, som tidlegare var utleigehytte! Får satsa på at forma deira er stigande og bra til då! Betring i sikte no i kveld, iallefall, bank i bordet!
lørdag 17. november 2012
Ein laurdag i november
Etter ei hektisk og innhaldsrik veke er det godt å vakna av seg sjølv ein laurdag og vita at det ikkje er noko spesielt på planen. I går etter skule og jobb vart det Sogndal og kino på meg, eldstejenta og nokre venninner av ho. Twilight - siste del, såg me. Skikkeleg vampyr/vareulv film med all dramatikken som høyrer med rundt temaet. Må sei dei er sjarmerande desse varulvane og vampyrane no for tida, der dei glitrar i sola med dei raude augene sine. Meinar eg las at vampyrar ikkje lika sola i "gamledagar"? Ja, ja, eg kosa meg no storleg med ungjentene på film eg. Såg eit par andre over 30 i kinosalen òg (som forresten var stappfull!), vil eg no få sagt ;). I dag er det grått ute, og dermed "heilt greitt" å kosa seg inne, med strikketøy, fyr på peisen og levande ljos. Mmmmm! Det er som det skal vera: mannen er ute og skaffar mat (jaktar hjort), eldstejemnta og eg daffar litt rundt her, lagar fruktcoctail og middag, minstejenta drog på overnatting over fjorden og ute senkar mørket seg att. God laurdagskveld allesaman. Bilete av ingrediensane i innlegget ser de her:
Dorthe Skappelgenser i emning! |
onsdag 14. november 2012
...og ny dag!
Serious...! |
tirsdag 13. november 2012
Nye tider!
Vel eitt år sidan sist!! Ja, tida flyg, det skal vera sikkert. Tok ei stund å koma seg etter det kommunevalet...., neidå det er forlengst historie. No er det nye tider, og ny verdsborgar på veg! Dei to, etterkvart så store jentene våre skal få ein lillebror eller lillesøster på nyåret! Vogn og stellekommode er på plass att (takk vera Finn, vår gode ven ; ) For, det aller meste var gitt bort eller kassert då me i grunnen trudde me var ferdige med produksjonen. Men, neida! Me er i gang igjen, og alle hjarter gledar seg! Kan henda bloggen, om dette ikkje berre er eit "blaff", vert litt meir prega av heimlege, nære sysler framover?! Det vil visa seg. På gjensyn vener!
Abonner på:
Innlegg (Atom)